SØSTRENE Annbjørg Barane (82) og Ingrid Barane Tveranger (76) studerer den gamle julepynten frå loftet. FOTO. VILHELM VIKSØY

Den store gåva

– Dei vart så sinte på meg. Dei meinte jo eg hadde øydelagt heile jula, seier Ingrid. – Dette kan eg ikkje hugsa i det heile, svarar Annbjørg, og ler godt.

ØYGARDEN: Det er lenge sidan no. Dei to systrene Barane var små jenter som budde i Ølensvåg saman med foreldra sine og storebror Anton.

Frå tante og bestemor

Det nærma seg jul. Ei av dei store gledene før jul var når det kom pakke i posten frå tante og bestemor. Kvart år kom dei, men dette året hadde ikkje Ingrid sett nokon pakke.

– Eg hadde heilt panikk. Eg spurte og grov – har det kome noko? Men ingen hadde fått post, ingen hadde sett pakkane. Eg var så fortvila at eg visste ikkje kva eg skulle gjera. Har bestemor gløymt oss? Har tante gløymt oss? Eg trudde mest ikkje eg skulle overleva, seier Ingrid og ler godt.

Men at tante og bestemor hadde gløymt dei, kunne jo ikkje vera sant. Ingrid gav ikkje opp håpet og leitte rundt i huset, i alle kott og krokar – for det måtte vera nokon som hadde gøymt dei.

Eit funn

Ho hadde rett. Lengst inne i eit kott på loftet fann ho ein kasse det var surra masse tau rundt. «Nåde den som opnar før jul», stod det med store bokstavar.

– Ja ja, nåde eller ikkje nåde, eg fann ei stor saks og klypte av alle snorene, seier Ingrid.

Der var dei – alle pakkane var komne og låg i eska. Det var Annbjørg og broren som hadde gøymt dei for henne for at ho ikkje skulle snusa for mykje på innhaldet. Då starta bråket.

– Ja, du kan tru kva kjeft eg fekk av syskena mine. No hadde eg øydelagt heile jula, for dette skulle vera ei overrasking, seier Ingrid.

Annbjørg ler godt når søstera fortel. Sjølv kan ho ikkje hugsa dette, men det kan nok stemma. For Ingrid var alltid nysgjerrig og gjekk rundt og snuste og klemte på pakkar for å finna ut kva som var inni dei.

– Men du opna dei ikkje, seier Annbjørg.

– Nei, men eg leste merkelappar og klemte godt, ler Ingrid.

Skrublyanten

Det kunne Annbjørg òg gjera. Som den gongen ho hadde sett ein skrublyant hos den lokale landhandlaren i bygda. Det var ofte der gåvene kom frå.

– Det var ein sånn blyant du kunne skru på slik at spissen kom fram. Den var grøn, og svart på toppen, og kosta seks kroner. Eg hadde så inderleg lyst på han, fortel Annbjørg.

Broren hadde sett ein fallekniv som han ynskte seg, og kvar gong dei var med i butikken, stod dei og beundra kniven og blyanten. Men ein dag like før jul var begge tinga borte frå hylla.

– Då me kom heim, lurte eg meg oppi veska til mor. Der låg det to pakkar. Den eine kunne vera kniven, den andre kunne vera blyanten, seier Annbjørg. Ho hadde rett.

Dokker

Det er ikkje alle gåver dei hugsar like godt som desse, men nokre sit spikra i minnet.

– Eg hugsa eg fekk ei dokke frå bestemor. Eg hadde fleire heimesydde tøydokker, men no fekk eg ei skikkeleg ei. Ho hadde nydeleg kjole og hatt på hovudet. Ho var så fin. Det er den beste julegåva eg kan hugsa. Eg har faktisk den dokka enno, fortel Ingrid.

Annbjørg hugsar òg ei dokke med hardangerbunad, men den fekk ho til femårsdagen.

– Til jul hadde far greidd å finna tak i ein fluktstol, det er ein slags solstol, som var laga av tre og papir. Den var grøn, med rosa mønster. Kan du tenkja deg, ein fluktstol? Til ei dokke? Eg var så stolt, fortel Annbjørg.

Stolen har ho ikkje lenger, men dokka lever. Ho har blitt litt skral, men det er ikkje så rart, for ho er ingen ungdom, ho heller.

Annleisåret

Den gåva Annbjørg hugsar best, var det året dei ikkje skulle få gåver frå far og mor. Anton hadde fått seg ny nikkersdress, og Annbjørg og Ingrid hadde fått nye kjolar. Den gongen gjekk dei ikkje berre i butikken, men det kom sydame heim, tok mål og sydde ein og ein kjole. Ein av kjolane var burgunderfarga, og den andre var grøn. Eller var begge burgunder? Søstrene er ikkje heilt samd om kva dei hugsar. Men fine var dei, med på-broderte perler.

– Det året sa far at me ikkje kunne få julegåver for me hadde brukt så mykje pengar på klede. Det var heilt greitt for oss, me forstod jo det, seier Annbjørg.

Då julaftan kom, låg det likevel tre små pakkar i gråpapir under treet. Det var to små sjokoladar og ei lita pastilleske til kvar.

– Eg har aldri vore så glad for ei julegåve som då. Eg hadde jo inga forventing om noko som helst, for me hadde jo fått oss flotte nye klede som sydama hadde sydd. Men då eg fekk sjokoladen i tillegg – tenk at ein så liten ting kunne gjera meg så glad, fortel Annbjørg.

– Og sjokolade då, det var jo berre så godt, seier ho, med eit stort smil.

Julemat

På bordet framfor oss ligg det nokre kakemenn på fatet. Dei har alt vore i butikken i lang tid. Slik var det ikkje då Annbjørg og Ingrid vaks opp. Då starta ikkje jula før på julaftan. Men førebuingane starta lenge, lenge før. Mykje av det handla om mat. I Ølensvåg åt dei fleste fisk til jul, men i heimen til familien Barane hadde dei pinnekjøt, tillaga og røykt av morfar på Voss. Når det lukta røykt kjøt i posten, var det eit teikn på at det nærma seg jul. Det var det også når grisen hylte då den vart slakta. Borna fekk ikkje vera med på slaktinga, men dei var med og lagde mat av grisen. Då laga dei blant anna pølser, syltelabbar, steik og blodpannekaker.

– Alt skulle nyttast den gongen. Det var ingen ting som vart til overs, seier Ingrid.

– Eg hugsar mor vaska grisetarmar for å laga pølser. Det var ekte saker og ikkje kunstige tarmar slik dei brukar i dag, seier Annbjørg.

Men smaka fekk dei ikkje. Alt skulle gøymast til jul. Fyrst på julaftan skulle julematen fram.

Bakst

Julekaker var det òg mykje av. Då kunne det henda det vart ein smak av kakene som gjekk sundt og fall i knas. Men det aller meste vart gøymt til jul. Ingrid og Annbjørg minnest med glede dei felles bakestundene i bygda. Ein kveld før jul møttest ein del mødrer og borna deira i det lokale bakeriet. Alle hadde med seg deig heimanfrå, og så baka dei saman i ettervarmen på dei store omnane medan ungane leika.

– Dei var nok ikkje like opptatt med smittevern den gongen, for me leika der bakaren skulle baka brød neste morgon, seier Annbjørg.

Då baksten var ferdig, delte dei litt til kvar heim. Slik kunne dei samarbeida om å baka mykje.

– Dei kveldane var så kjekke. Då lukta det bakst og jul lang veg, seier Ingrid.

For det lukta jul, det lukta ikkje advent. Det var nok adventstid i kyrkja, men ikkje i heimane. Der var det berre førebuing til jul.

– Me hadde ingen adventskalender. Heller ikkje adventslys og stjerne. Den kom ikkje i vindauga før på julaftan, fortel Ingrid.

Innspurt

40-TALET: Annbjørg (til venstre) og Ingrid (på fanget) saman med broren Anton og foreldra Ingeborg og Lars. Biletet er truleg tatt hos fotograf sommaren 1946 eller 47.

Kvardagen varte heilt til jul, og den vart nytta godt. I tillegg til baking og matlaging skulle huset skurast reint. Særleg kjøkken. Alt sølvtøyet skulle blankpussast. Då var heile familien med, ikkje berre dei vaksne. Slik heldt dei på heilt fram til julaftan, og då starta jula.

Juletreet kom inn i stova på føremiddagen. Det skulle stå ferdig pynta til klokka tolv. Då venta påsmurt mat og kakao i gode tider. Deretter skulle huset og stova pyntast, og alt skulle stå klart før kyrkjeklokkene ringde jula inn klokka fem.

– Då stod me ute på trappa og fraus mens me høyrde klokkene, seier Ingrid.

– Å ja, me fraus, og eg minnest det alltid var kaldt, snø og glitrande fint. Men det var ikkje mange minuttane me stod der før me kunne gå inn og eta middag, seier Annbjørg.

Juledagane

Fyrste juledag var det heimedag. Ingen fekk gå ut på besøk den dagen, berre til kyrkja. Det var ein stille dag. Då henta dei fram julehefta som dei hadde kjøpt i tida før jul.

– Det var mange julehefte i den tida. Ungane var med og selde. Alle kjøpte, og nokon kjøpte av alle, seier Annbjørg.

– Ja, det hende at dei sa dei hadde kjøpt, «men sidan det er du som kjem, får eg kjøpa av deg òg», seier Annbjørg.

Leiking var det meir av seinare i jula då dei drog på julebesøk hos kvarandre. Dei gjekk frå stove til stove på besøk, for ein måtte jo sjå julestovene og korleis dei var pynta.

– Då leika me veldig mykje. Sjølv dei vaksne var med. Eg hugsar at eg undra meg over at så gamle folk kunne leika med oss ungane. Men dei var jo ikkje så gamle, dei var vel knapt femti, seier Ingrid.

Juletrefestar var det òg. To stykke, ein for dei vaksne og ein for borna. Vaksen var du når du var konfirmert. Då var det stor stas å få vera med på fest.

Til 6. januar

Når julefeiringa startar så tidleg som ho gjer i vår tid, er det mange som er lei jula når ho fyrst kjem. Det går ikkje mange dagane etter jul før dei fyrste trea er kasta ut på terrassen. Slik var det ikkje då Ingrid og Annbjørg var små. Då varte jula til trettande-dag-jul – den 6. januar, dei heilage tre kongars dag. Då kledde dei seg ut og gjekk noko dei kalla «13-rei». Ein slags blanding av julebukk og nyttårsbukk.

– Me såg stygge og skremmelege ut og gjekk på dørene for å få godteri. Det var lite snop, mest nøtter, appelsiner, kanskje eit eple og litt juleknask, fortel systrene.

Den store gåva

Mykje var annleis før, men grunnen til jula er likevel den same. Og den kan vera lett å  gløyma, ja, det er mest som den kan hamna lengst inne på loftet der den store pakken eingong stod.

– Det er lett for at me blir opptatt av alle gåvene – og så gløymer me den store Gåva. Det er jo det jul handlar om, at Gud gav seg sjølv til jorda. Det gjeld i dag som det gjorde den gongen, seier Annbjørg.

Først publisert i juleheftet Barnehelg for 2020, utgjeve av ImF-Ung.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.